Dumdum Boys kjem til Tysnesfest 2013!

Publisert av:
13/2/2013 18:01

Me er svært nøgd med at kontrakten er signert, og dermed er eit av Norges største rockeband klar for årets festival. Dumdum Boys er også kjent som eit av de fire store banda i norsk rock.

Over 30 år med historie
Dumdum Boys frå Trondheim har over 30 år lang rockehistorie å sjå tilbake på, og skulle vel vore kjent for dei fleste som har lytta til norsk populærmusikk. Bandet starta i 1979 som punkbandet Wannskrækk. Etter at vokalisten hadde fått sparken på grunn av midtskil i håret, kom Per Øyvind Houmb – betre kjent som Prepple Houmb – med i bandet. Sjølv om Wannskrækk var populær i nærmiljøet, slo ikkje bandet an nasjonalt, og medlemmane måtte tenkje nytt.

Dumdum Boys oppstår
I 1985 bestemte dei seg for å skifte namn til Dumdum Boys etter ein låt av Iggy Pop, og skifta ut trønderdialekta med bokmål. I 1988 kom Dumdum Boys sin fyrste LP, Blodig Alvor (NaNaNaNa). Den blei tatt godt i mot av kritikarane, og blei heidra med Spellemannspris i 1988. Men det var fyrst året etter at bandet slo gjennom, dei gav ut sin andre LP, Splitter Pine.  Denne blei også heidra med Spellemannspris. Bandet drog på turne og besøkte både Kalvøyafestivalen, Roskilde og Moskva.

Stor produksjon og mange heidersprisar
Etter 12 album, fleire LP’ar og singlar, DVD, filmmusikk, blant anna Englefjes frå ”Døden på Oslo S”, mange turnear opp gjennom åra, og kjente låtar som Splitter Pine, En Vill En, Tyven Tyven, Metallic Hvit, Sorgenfri og Enhjørning for å nemna nokon, er Dumdum Boys blitt eit av Norges mest feterte rockeband. I tillegg har dei teke i mot ei rekke prisar, fleire Spellemannsprisar, Årets Spellemann og Hedersprisen, Gammleng-prisen, Sør-Trøndelag fylkeskommunes kulturpris og i 2011 Alf Prøysens ærespris. Dumdum Boys si siste plate Ti Liv, kom ut i fjor. Bandet har også hatt fleire pausar, den lengste på fem år mellom 1998-2003. Men fortsatt turnerer Dumdum Boys, og til sommaren skal me altså få gleda av å ha dei på Tysnesfest.

Sal av festivalpass, samt fredagsbillett (Europe++) startar i morgon Torsdag 14 februar kl 09:00!

Dette du kan finne her og her.

Sjå tysnesfest.no for utfyllande info.