Tysnes jenter 11 mot Nore Neset
21/1/2013 10:18
Jentene opna litt forsiktig, men det varte ikkje lenge før dei fekk tak på spelet. Flott lagspel der alle jentene tok ansvar, og alle skåra mål, allereie i 1. omgong. Målvakt Ingeborg hadde mange flotte redningar, og motstandarane fekk ballen forbi kun 2 gongar. Resultat etter 1. omgong vart 10-2.
I 2. omgong hadde jentene litt problem med å finna tilbake til det gode spelet dei viste i 1. omgong. Motstandarane slapp lettare igjennom og klarte å få inn nokre fleire mål. Målvakt Julie fortvilte, men så snudde det tilbake til det gode spelet me såg tidlegare. Målvakt hadde fleire flotte redningar, og i angrep såg me mykje pågongsmot.
Sluttresultat 16-7 er det ingenting å sei på.
Etter ein times pause med god kioskmat og sosialt samvere, var det på banen igjen. Det er tydeleg at begge lag har heva seg, og Tysnes får litt meir motstand. Det er god fart i spelet, og fine avslutningar som gir resultat. På tavle viste det 10-6 til pause.
I andre omgong fortsatte Tysnesjentene med godt lagspel, men Nore Neset tok innpå. Dei var likevel aldri nærare enn 1 mål under.
Tysnes hadde eit godt forsvar, spela reint og fekk sjeldan dømd mot seg. Jentene leser spelet bra og er flinke til gå ut og møta og «ta på» motstandarane.
Det er kjekt å sjå at jentene vågar å prøva seg på mål, og har målteft. Publikum ser tydeleg at alle på laget er like viktige, og at jentene er klar over det. Det er også kjekt å sjå at humøret er på topp heile vegen, det gjeld begge laga.
Me gler oss til å fylgja desse jentene vidare.