Stordag i Tysneshallen!

Publisert av:
7/1/2013 13:52

 

Fyrste kamp var jenter 12 år. Trass iherdig motsand frå tysnejentene, var det bortelaget Nore Neset som gjekk av med sigeren.

Resultatet vart til slutt 8-14 til jentene frå Os. Mål: M. Tysnes 3, A Hagen 3, K.K. Espevik 1.

 

Neste lag ut var gutar 14 år. Heimelaget gjekk på eit skuffande kjempetap, med siffera 7-28. Trass i trenarane Knudsen & Wathne sine taktiske disposisjonar, vart laget frå Sotra for sterke for tysnesingane.

Mål: E. Enes 3, K. Enes 2, O. Hollekim 2.

 

Då var det gledelig at jenter 14 år knalla til med siger 18-12 over Fana.

Mykje flott angrepsspel og eit sterkt forsvar.

Toppskorarar vart Thea Sløgedal og Ina Borlaug med fem mål kvar. Nora Kleppe hadde også ein stordag mellom stengene og redda mange av Fana sine forsøk.

Mål: T. Sløgedal 5, I. Borlaug 5, M. Siglevik 3, A.D. Espevik 2, E. T. Bakke 1.

 

Ny heimesiger vart det då gutar 14 fekk Sædalen på besøk. Toppskorar i kampen vart Lars Even Stue som gjorde seks fine mål. Elvis Kalvans sto som vanleg som ein “påle” i mål, men mange spektakulære redningar. Elles fungerte laget kjempebra både i angrep og forsvar.

Sluttresultatet vart 16-9 til Tysnesgutane.

Mål: L.E. Stue 6, F. Ludviksen 3, M. Helland 3, A. Flornes 2, J. Haugsgjerd 1, E. Kalvans 1.

 

Femte kamp var slaget der jenter 13 skulle forbetre resulatet mot laget frå Fana. Sist tapte dei stort, og denne gangen hadde trenarane Sløgedal/ Rønning som mål å få eit mykje betre resultat.  Til pause stod det 4-9 til Fana og det såg ut til at dei skulle klare å spele litt jamnare mot dei.

Til slutt vart resultatet 11-22 til Fana, men ein kunne sjå tilløp til jubel blandt tysnesjentene då dei haddeforbetra seg mykje frå sist. Flott!

Mål: T. Sløgedal 10, M. Hagen-Lunde 1.

 

Til slutt på dagens marathon var det damelaget sin tur. Bjørnar 3 var klare til dyst og hadde ikkje tenkt å gje heilmelaget noko lett siger.

Til pause stod det 10-8 til Tysnes, men som det ofte er i handball; slike resultat kan fort snu. Det var ein særs jamnspelt kamp, men til slutt trakk Bjørnar det lengste strået, og vann med siffera 17-20.

Mål: S. E. Stue 5, S. Helland 4, A. Flakke 2, R. Hagen-Lunde 2, C. L. Vevatne 2, I. Vik 1, L. Bergesen 1.