Vamp og Sirkus Eliassen til Tysnesfest 2013
19/12/2012 21:32
I år hadde festivalen eit yrande publikumsoppmøte på alle dei 62 punkta i programmet og småarrangementa framheva seg med fleire besøkande enn nokon gong før. Me jobbar no for fullt for å komma i hamn med ei artistliste som vil gleda både små og store i 2013!!
Fylgjande artistar er klare frå Tysnesfest til vårt kjære publikum!
-VAMP
Tysnesfest er audmjuke og stolte over at Vamp har takka ja til å opptre på Tysnesfest 2013. Den 19. oktober 2012 kom Vamp med si trettande plateutgiving, «Liten fuggel.» Det er deiras 5 album på rad som går rett inn på 1 plass på Vg –lista topp 40! Vamp er kanskje Norges fremste eksponentar for popularisering og vidareføring av folkemusikk kombinert med viser og rock. Dei er ei moderne folkemusikkgruppe frå Haugesund som har skapt ein helt særegen stil basert på norske og keltiske tonar og latinamerikanske rytmar, og som gjennom sitt samarbeid med norske poetar, som bl.a. forfattaren Kolbein Falkeid, har satt ein ny standard innan norsk populær musikk.
Haugesundsgruppa Vamp starta tidleg på 90-tallet og fekk ein pangstart allereie med
debutalbumet «Godmorgen Søster» (1993), med god hjelp av eviggrønne, kjempeslageren «Tir Na Noir».
Deira fantastiske liveopptredenar var dessutan med på å sikre denne suksessen.
Sidan har gruppa oppnådd det meste man kan oppnå med musikk her på berget til tross for
vanskelege «skjær i sjøen» og utskiftingar undervegs.
Med sylskarpt fokus og retningssans har grunnstamma med Øyvind Staveland, Calle Apeland og
Torbjørn Økland overlevd alle kriser og framstår i dag vel så sterke og potente både kunstnarisk og kommersielt.
.

-Sirkus Elliasen
På Tysnesfest har me som mål at publikum skal verta i godt humør. Det er me sikker på at Sirkus Elliasen kjem til å hjelpa oss med!
Sirkus Eliassen består av brødreparet Erik «Glede» Eliassen og Magnus «Positivitet» Eliassen. Duoen debuterte sommaren 2011 med songen «Hjem til dæ», som låg fleire veker på VG-lista og på NRK P3 si A-liste. Oppfølgaren, «Opp ned bak frem», kom i november same år, og fortsette i same humoristiske og skamlause spor som debututgjevinga.
I februar i år kom den dansbare tredje singelen, «Æ vil bare dans», som raskt blei lagt inn på A-lista til NRK P3, samt spelelistene til NRK MP3 og NRJ. Med denne låten har Sirkus Eliassen opptredd på TV-program som Lydverket, Senkveld, Sommertid og VG-lista Topp 20 live frå Rådhusplassen, og høgaste plassering på VG-lista har vore 4. plass.
Dei tre fyrste singlane har selt til fire, to og seks gonger platina. «Før du går» er gutane sin fjerde singel, og den sprudlande sommarlåten er for tida A-lista hos NRK P3. Også den har no selt til platina.