Opning av Lunde barnehage

Publisert av:
3/12/2012 15:04

I heile haust har arbeidet med å byggja om skulebygget til barnehage pågått. I dag var det klart for offisiell opning.

Barnehagerettleiar Lena Epland Sløgedal ynskte velkommen og sa ho var svært nøgd med den nye store og fine barnehagen. Ho retta og ei takk til dei tilsette i Lunde barnehage som har vore tolmodige i byggjeperioden.

Så var det snorklypping ved ordføraren, før assisterande rådmann Steinar Dalland, leiar i teknisk utval Lars Enes og leiar i Lunde bygdalag Knut Nesland kom med rosande ord over kor flott det var blitt.

Til slutt song barnehageborna for foreldre, besteforeldre, bygdafolk og dei frå kommunen som var møtt fram. Og heilt til slutt var det kaker, brus og kaffi.