Ny skyssbåt
29/11/2012 10:05
Til nyttår vert det byte av båt på skyssbåtruta Våge – Bruntveit – Os. Godøysund Ekspressen går ut etter mange år som skyssbåt. No er Gulen Skyssbåtservice tildelt ruta, og båten MS Tornerose vil frakta tysnesingane over Bjørnefjorden.
Tornerose er 19 meter lang, 4,65 meter brei har passasjersertifikat for 48 passasjerar og har ein marsjfart på 28 knop. Det opplyser Per Vold i Gulen Skyssbåtservice til Tysnesingen.
Fartyet er bygd i 1985 og har hatt fleire oppdateringar undervegs. Nytt framdriftssystem vart installert i 2010 og 2011.
– Det kan i tillegg opplysast at Tornerose er tilrettelagt for rullestolbrukarar, seier Vold.
Fartyet har sidan 1991 trafikkert ruteområdet Gulen – Solund – Austrheim kommunar for Fjord1 Fylkesbaatane, der dei kryssar Sognesjøen og Fensfjorden to gonger dagleg. Ruta har ein frekvens på ca 140 nautiske mil kvar dag og om lag 35 daglege stopp.
– Me fraktar skuleborn, pendlarar og passasjerar til korrespondanse med ekspressbåtane til/frå Bergen, til/frå Nordfjord, til/frå Sogn dagleg. Frå 1. januar 2013 vert det sett inn nytt farty i denne ruta, sluttar Vold.
Godøysund Ekspressen vil bli liggjande til kai. Eigar Ole Bjarte Strønen seier til Tysnesingen han førebels ikkje har nokre planar for båten, men at han vil ta spontane oppdrag om det er behov.