85 år og framleis aktiv med friidrett.
31/1/2019 20:32
Heilt sidan Tysnes idrettslag byrja med idrettsmerkeprøvar i 1985, har Tor Ottersen vore ein ivrig deltakar kvart år. Han har på ein god måte og med god margin greidd dei ulike krava i alle desse åra. Den tidlegare ordføraren og tannlegen er framleis lett på foten og held seg i god form. Til dømes hadde han ingen problem med kravet til uthald i fjor haust. På 5 km gang er kravet for dei over 80 år på 53 minutt. 85- åringen Ottersen gjorde unna denne distansen på 45,03 minutt.
Av dei andre som greidde krava i fjor haust er det elles grunn til å merka seg at Stein Aanesen no er registrert med heile 49 gonger. Dersom han også stiller opp og greier krava i år, vert han jubilant og får 50-årsmerket med NIF sitt diplom.
Flokken av idrettsmerketakarar var litt redusert i fjor samanlikna med tidlegare år. Det skuldast m.a. at nokre i den «faste» gjengen var hemma av litt småvondt i armar, rygg og bein og stilte ikkje opp. Slikt skjer både for amatørar og toppidrettsfolk.
Merketakarane i 2018 (talet på gonger i parentes):
1.Stein Aanesen (49)
2.Tor Ottersen (34)
3.Arvid Gaugstad (34)
4.Anne Merete Blichfeldt Dalland (33)
5.Hans Ole Dalland (33)
6.Lars Petter Epland (27)
7.Janine Freyboth (3)
Tekst og foto: Hans Ole Dalland