48 000 utan fungerande røykvarslarar i Hordaland fylke
8/12/2010 17:06
For å sette søkelyset på branntryggleik i heimen, vert kampanjen Aksjon bustadbrann arrangert i desember kvart år. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Norsk brannvernforening og Gjensidige står bak kampanjen, medan representantar frå brann-/feiarvesen, det lokale elektrisitetstilsyn og lokale Gjensidige-kontor står for den praktiske gjennomføringa. Lokalt er det Tysnes brann og redning som står for gjennomføringa av kampanjen.
Auka brannhyppigheit i jula har samanheng med stor aktivitet heimen med auka bruk av elektrisitet, levende lys og peiskos, i mange høve også i kombinasjon med alkoholbruk.
– Det er ei billeg livsforsikring å ha fungerande røykvarslarar i bustaden. Røykvarslarar reddar kvart år mange liv i Noreg, seier Torfinn Kongsvik.
Cirka 40 000 husstandar over heile landet får 7.-9. desember besøk av lokale brannvesen/feiarvesen med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og el-tryggleiken i bustaden.
– Det dreier seg ikkje om eit tilsyn i vanleg forstand, men om ein enkel kontroll med rettleiing og informasjon. For bebuarane er sjekken frivillig, og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på, seier Kongsvik.
Kvart husbesøk tek cirka 30 minutt med kontroll av følgjande forhold:
– Varslingsutstyr
– Sløkkjeutstyr
– Eldstader og skorstein
– Rømingsforhold
Meir informasjon om førebyggjande brannvern finn de på www.aksjonboligbrann.no.
Kontaktpersonar lokalt:
Brannmeister Torfinn Kongsvik 975 29 965.
Kontaktpersoner sentralt:
DSB: Avdelingsdirektør Tor Suhrke mobil 917 80 150
Gjensidige: Fagdirektør brann Odd A. Rød mobil 916 38 649
Norsk brannvernforening: Adm. direktør Dagfinn Kalheim mobil 977 59 029