3 kampar i Tysneshallen i går
9/3/2014 08:09
J12 mot Kvinnherad 2
Jentene var tydeleg nervøse for å møta det beste laget i serien. Då det var gått 10 minuttar hadde motstandarane fått inn 6 mål, og Tysnes ingen. Etter timeout var det litt meir futt i jentene og dei banka inn 3 mål på rappen, utan at Kvinnheringane fekk inn noko.
Jentene fortsatte å kjempa godt, men Kvinnherad blei for sterke, når dei stiller med sitt aller beste lag. Dei gjekk til pause 5 – 10.
Andre omgong vart ikkje stort betre. Kor jentene kjempa, vart det dessverre tap i går. Kampen endtemed 10 – 19.
Trass tap, er det mykje godt spel å sjå.
J13 mot Stord
Stor fart, gode kontringar og hardt-arbeidande forsvar prega kampen til J13 mot Stord.
Stord vart likevel for sterke, og jentene måtte sjå langt etter seier.
Humøret var på plass, og det ser ut til at sportsgleda er der. Men det heldt ikkje mot eit lag som er tydeleg betre.
Sluttresultat 7 -21.
Revansjforsøk for J12 mot Kvinnherad 2
J12 hadde sin andre kamp mot Kvinnherad i går. Dei var revansjlystne frå start, og heldt buret reinare enn i 1. kampen. Likevel var det tøffe tak, og 1. omgong endte som i 1. kampen med 5-10.
I andre omgong, klarte Tysnesingane å fylgja Kvinnheringane litt betre, og dei drog ikkje så langt ifrå. Forsvaret var langt betre enn tidlegare på dagen.
Mykje godt lagspel og gode enkeltprestasjonar å sjå.
Resultat 11-17 er me godt nøgde med.
Tekst og foto
Eli Espeland