19 fleire tysnesingar

Publisert av:
19/2/2009 20:52

Statistisk Sentralbyrå offentleggjorde i dag endelege tal for folkemengda pr 1.januar 2009.

Folkemengda for Tysnes ved nyttår var 2792 mot 2773 01.01.08. Altså ein auke på 19 personar.

Det vart fødd 29 barn, medan 28 personar døydde. 123 personar flytta til Tysnes – 105 meldte utflytting.

Dei fleste kommunane rundt oss hadde også folketilvekst siste året, så nær som Fitjar som hadde fire i minus.