Publisert av: May Britt Meland
18/5/2026 20:47
17. mai feiring på Onarheim
På Onarheim starta dagen med frokost på OnarTun etterfulgt av folketog frå Hagareset til kyrkja. Etter gudsteneste og kransenedlegging gjekk prosesjonen til Onarheim skule. Trond Borg heldt tale for dagen og elevar ved skulen hadde ulike programinnslag.
Av leikar var det mellom anna tippekonkurransar, hesteskokasting, lykkehjul. Ekstra stas i år med eit flunkande nytt lykkehjul sponsa av Alsaker Fjordbruk. Mellom leikane og til den gode drøsen kunne ein kose seg med pølser, is og brus, betasuppe, kaker og kaffi.







