1500 medlemmar på Tysnes før i tio!

Publisert av:
24/7/2014 17:38

Frå tanke til handling tok det kanskje ikkje meir enn 15 minuttar. Men til tross for iherdig satsing frå administratorane si side (eg var så heldig at eg fekk med meg Olav Skjellevik som med-administrator heilt frå starten), så gjekk det heller tregt i byrjinga. Dei første to-tre vekene var me 5-6 stykker som posta bilete. Men så tok det brått av, etter kvart som Facebook-brukarar med interesse for Tysnes før i tio oppdaga sida. Snart var me oppe i 100 medlemmar, noko me syntest var fantastisk. Men det stogga ikkje der – me passerte snart 200 medlemmar, 300 medlemmar osv. til me pr i dag to år seinare har passert 1500 medlemmar på Tysnes før i tio!!!  Eit ganske fantastisk høgt medlemstal. Det er også gledeleg at så mange unge folk er innom sida dagleg. Eg trur ikkje me overdriv mykje om me påstår at Tysnes før i tio er den mest populære Facebook-sida i Sunnhordland.

 

På desse to åra som har gått er det posta tusenvis av innlegg, bilete og kommentarar, og det er ikkje noko som tyder på at det vil ta slutt med det første. Det fortel at interessa for lokalhistorie er svært stor berre ein når ut til folk via dei rette kanalane. Eit liknande fenomen har me opplevd med den landsdekkjande nettstaden lokalhistoriewiki.no  , der eg tok del på oppstartsmøtet i Bærum for få år sidan, som i dag tel meir enn 26 000 artiklar.

 

Internett og elektroniske media er definitivt vegen å gå. Eit viktig stikkord trur eg er aktiv brukarmedvirking. Kven som helst kan skriva innlegg, lasta opp bilete og ikkje minst koma med kommentarar. Lokalhistoria er med eitt slag blitt “allemannseige” og ikkje lenger noko som går føre seg i eit lukka lagsmiljø eller i relativt kostbare bøker. Eit anna stikkord er at Tysnes før i tio er blitt ein del av den positive bølgja i kjølvatnet av Tysnesfest, som har skapt ei fornya glød for øya. 

 

Me går to-årsdagen i møte så det susar!  

Tekst: Knut Rage