Publisert av: May Britt Meland
15/4/2019 18:31
10 års jubileum
Skjærtorsdag kan stølsutviklar Tore Økland invitera til stølsmarsj og 10 års jubileum på 333Gjerstadstølen kl 12.00.
Kl 12.00 startar feiringa, og Økland fortel at jubileet vil bli markert med ord, tonar og biletutstilling, pluss ein rusletur på stølen i fotefara til stølsutviklaren.
-Er du B-menneske? Fortvil ikkje, då har du sjansen igjen kl 13.00!
Økland opplyser at kortaste veg er frå Dalen.
Og best parkeringsplass er det i Solheimsdalen og ved Tysnes skule på Gjerstad.