Vossacup 2009

Publisert av:
20/4/2009 20:05

Fredag var det avreise for 7 jenter som var full av sommarfuglar. Dette hadde dei gleda seg til utruleg lenge, Synd dei ikkje vart fleire enn 7 stk, men ikkje alltid ting lar seg styra….

Fyrste kampen var mot Fyllingen2, laurdags morgon. Kan vel ikkje sei at oppladninga til kampen var på det beste, men det var det sannsynleg likt for alle dei andre laga òg! Kampen starta litt fomlete for Tysnes, og Fyllingengjekk fort opp i leiing. Gjennom heile kampen (kun ein omg = 17min) leia Fyllingen, og var på det meste opp i 3 mål, og me hadde for så vidt begynt å
omstilla hjernen på at no kom årets fyrste tap, men det hadde ikkje jentene. Dei 2 siste minutta av kampen, jobba dei iherdig og i siste sekund set Anna Dorthea ballen bak ein fortvila Fyllingens keeper, sånn at kampen enda med uavgjort 10-10. Vanvittig bra avslutning. Ein kamp fleire enn oss frå Tysnes vart imponert over!!

Neste kamp var mot Jotun (5 1/2time seinare!!)
Dette vart ein kamp heilt motsatt som fyrste. Jotun stod kun og kasta “gris”, og dommarane lot dei få lov til det, så kvart angrep til Jotun varte omtrent i 5 min……men Tysnesjentene vant tilslutt 3-2 (heldigvis)

Resten av dagen gjekk med til stæsjing og fjasing, for no skulle dei ut pådiskotek!!! Fyrst på kvelden var me alle på Dolly, men så måtte me foreldre fint gå heim, for jentene skulle ut på livet!!
Det vart ein vellykka kveld – iflg jentene!!! Men det vart ingen sein kveld, for fyrste kamp søndag var kl.07,40!!!!

Umenneskeleg å spela kamp så tidleg, og på toppen av det heile, vart keeperen vår sjuk iløpet av natta. Då var dei kun 6 igjen, altså ingen reserve, og “ellemelle….” kven skulle stå i mål??? Fyrste kampen mot “Bjørn”, ofra Anna Dorthea seg som keeper, og gjorde ein kjempekamp, berre synd at ikkje alle var like våken som ho på returane. Derfor tapte dei 2-1. Lagets fyrste tap, så dette måtte ein retta på til neste kl.14,00. Mangen timar å venta, men dessto fleire slusher å drikka!!!

Siste kamp var mot vertskapet Voss. I denne kampen skulle Thea prøva seg i mål, og også ho gjorde ein kjempekamp i mål. Kun eit mål slapp ho inn, og til gjengjeld scora laget 9 i rette enden! Jammen bra med å avslutta med ein seier. Ikkje det, trur turen heim igjen hadde blitt i drømmeland for dei fleste uansett. Glad ,men kjempetrøtte jenter, etter ei knallkjekk helg på Voss.

Gler oss allereder til neste år:-)