VisitSunnhordland
6/4/2017 15:50
Den 3 og 4.april hadde VisitSunnhordland /Samarbeidsrådet for Sunnhordland gleda av å invitere til lanseringa av VisitSunnhordland si nye merkevarestrategi, i det nye Folgefonnsenteret i Rosendal. Dette er den første merkevarestrategien i historia for VisitSunnhordland. Deltakande på lanseringa var over 40 reiselivsbedrifter og kommunar i Sunnhordland. Leif Egil Hem , (NHH) og Nina Iversen (BI) har leia prosessen og presenterte merkevarestrategien.

Prosessen med ny merkevarestrategi hadde oppstart hausten 2016, med ein samling i oktober og ein i november, der over 60 aktørar frå næringa, næringsråd og politikarar frå kommunane i Sunnhordlandhar har bidradd til å utvikla den nye strategien som skal settje preg på heile reiselivssatsinga i regionen i åra som kjem.
Formålet med en merkevarestrategi er å auke attraktiviteten til Sunnhordland og gjere destinasjonen tydelegare ut mot marknadene. Dette ønskjer ein å oppnå ved å ta utgangspunkt i at Sunnhordland er lokalisert i «indrefileten av kyst Noreg». Særpreget til Sunnhordland er det unike øyriket og kyststripa og dei skjulte kystperlene og fjordperlene.
Den nye posisjoneringa er: Kystperleriket – i Sunnhordland møter du frisk kystnatur, friske opplevingar og varme menneskjer.
Blant andre destinasjonar på vestlandet så er det fjordane som blir profilert. Sunnhordland har en unik kyst og kystkultur, og ønsker å ta den posisjonen. Me ser og at det er etterspørsel etter kystopplevingar i marknaden.
Oppsummering av 2 dagars samlinga:
Samlinga i Rosendal, i det nye Folgefonnsenteret var ei 2 dagars samling for reiselivsklynga i Sunnhordland. Dag 1 haldt VisitSunnhordland årsmøte, samt at den nye merkevarestrategien for Sunnhordland ble presentert ved prosessleiar Leif Egil Hem og Nina Iversen. Den nye Sunnhordlandsguiden/kartet 2017 vert delt ut i nytt format som eit utbrettskart. På ettermiddagen tok den nyoppstarta bedrifta Rosendal Event oss med på ute aktivitetar, før det var felles middag på kvelden, på den forholdsvis nyoppstarta restauranten Smakifrå i Uskedalen, der det er fokus på Handlaga mat!

Dag 2 samla reiselivsklynga seg i Folgefonnsenteret, og jobba me med korleis aktørane og bedriftene skal støtte opp under, levere og utvikle strategien vidare. Det var lagt opp til workshop/arbeidsgrupper heile dagen, med ein avsluttande lunsj på Turisthotellet.

Det var ein engasjert og flott gjeng me hadde samla. Det er ein sterk motivasjonen i reiselivsklynga for å jobbe mot ein meir spissa profil for Sunnhordland som reisemål.
Hele programmet her.