Vinterfesten i Lunde 2013
15/2/2013 18:57
Det er etter kvart blitt ein tradisjon med Vinterfest i Lunde ungdomshus i tida rundt vinterferien. I år vert festen arrangert laurdag 2. mars og på programmet står eit rikt utval av gamal og nyare musikk, – som Bob Dylan, Elton John, Billy Joel og ikkje å forgløyma tidenes kultlåt, – A Whiter Shade Of Pale av gode gamle Procol Harum. Men på repertoaret står òg mykje meir enn berre dette. Nytt av året er at Big Men Bluesband står for musikken til underhaldning og dans. Gamlekara Kolle og Karsten, – forsterka med Anders Bakke, har òg nokre innslag i programmet og vil òg spela til dans etterpå. Mottoet er ein fest for både bymann og bonde der alle er velkomen til moro i Londe.
Av aktørar kan nemnast Ingelin Malkenes, Maria Wathne, Birthe Aaland, Monica Utne, Øystein Flakke, Anders Bakke og gutta i nemnte bluesband, Martin, Tor Vidar, Ole og Jan Gunnar.
På festane i Lunde er det fast tradisjon å ha god betasuppa på menyen, og det kan me lova denne gongen òg.
Billettar vil ein få kjøpt frå helga 16/17 feb. på Bunnpris og Malia – sjå plakat!