Vinnesfestivalen 2010 – årets hending i Bjørnefjorden
19/4/2010 10:09
På dagtid vert det torgdag, høve til tur med Elias-båtane frå Redningsselskapet, fiskekonkurranse, helikoptersightseeing, sjørøvardag med piratshow, ekstremsport med blant anna rappellering, hesteriding, natursti og dragkamp mellom bygdene i Fusa. Det vert sal av grillmat og vaflar.
Om kvelden skal Bjørn Jensen underhalde, før gamaldansorkesteret 3-B og Mad Zize spelar til dans. Jensen er kjent frå Vinskvetten og fra ei rekke TV-opptredingar.
3-B er tilbake på scenen etter fleire års opphald. Desse karane vart noregsmeistrar i gamaldansmusikk i 1996 og er kjent i heile landet. Sceneopplevinga er enorm. Mad Zize er eit lokalt rock/pop band som spelte mykje rundt om på lokalet på 80- og 90-talet. Det vert kjekt å høyre desse karane att. Om kvelden vert det sal av øl, cider og vin.
Fredag kveld (18. juni) er det rusfri ungdomsdans i Nesjaheimen på Vinnes. Lokale band vil spele.
Vinnesfestivalen vart arrangert for første gang i fjor. Det vart ein stor suksess med om lag 1.500 besøkande. Tilreisande i bil kan parkere eit kort stykke unna Vinnesholmen. Tilreisende i båt kan nytte gjesteplassar hos Vinnes Båtlag.
Kontaktperson: Rune Bergheim, 92 88 57 57, rune.bergheim@essve.no