Vil fjerne tilskot

Publisert av:
9/10/2016 16:25

Dersom dette vert vedteke, vil det verte ei kraftig auke i straumrekninga for innbyggjarane i Tysnes kommune. Ein kan få ei auke i snitt på mellom 2.500 og 3.000 kroner per år.

Tysnes Kraftlag fortel på nettsidene sine at dei no startar arbeidet med å påverka forhandlingane om endeleg statsbudsjett, som vert vedteke på slutten av året. Dei får politisk drahjelp, og ordførar Kåre Martin Kleppe vonar at han når fram med bodskapen om kor viktig dette tiltaket er for distrikta.

I fjor haust lukkast ein med å få auka tilskotet frå 10 til 20 millionar i forhandlingane om statsbudsjettet. Tysnes Kraftlag vonar ein får til ei auke i år også.

-Om ein ikkje lukkast, vil vi arbeida for at auken i nettleigetariffane skal verta lågast mogeleg i 2017, fortel Kraftlaget på nettsidene sine.

Ordføraren er skuffa.
-Vi tok opp denne problemstillinga i fjor også, og då fekk vi tilbakemeldingar på at det ikkje var noko som tilsa at den ville bli fjerna. Så no legg eg håp på Venstre og KrF om at dei skal stå på for at dette blir opprettholdt, seir ordførar Kåre Martin Kleppe til Nationen.

Om utjamningsordninga:
Utjamningsordninga for nettleige var på 120 millioner i dei siste åra under den rødgrønne regjeringa.
I 2012 var det 31 nettselskap som var med på ordning. I 2016 var det berre sju som fekk støtte.
Solberg-regjeringa har brukt 30 millionar (2014), 40 millionar (2015) og 20 millionar (2016) på ordninga.