Vil du bidra til julegåveaksjonen?

Publisert av: May Britt Meland
17/12/2022 10:11

Tradisjons tro tek Tysnes frivilligsentral imot bidrag og gåver som dei i lag med barneverntenesta deler ut til låginnteksfamiliar, som kan trenge bistand til julefeiringa.

 

Julegåveaksjonen tek i motpengar, via Vipps eller overført til bankkonto

  • strikka labber, votter og huer – fortrinnsvis til born
  • ullkle til  barn og vaksne (gjerne ull/ teknisk undertøy)
  • pent brukte leikar
  • pent brukt, heile og reine kle til born

Pengane vert brukt til å kjøpe mat til familiane, og til gåver til borna.

 

Stor gjevarglede

Barneverntenesta har stor forståing for at det er vanskelegare for mange å bidra med dei auka utgiftene me alle opplever no. Dei kan melde om god støtte frå Tysnes sparebank, Tysnes kraftlag, Ungdomsrådet og Tysnes kommune. Men sett pris på alle som vil gje støtte og bidra til å gje familiar ei litt betre høgtid i desember.

 

Innlevering av gåver

Gåver kan leverast til Frivilligheitssentralen sitt kontor på Rådhuset, eller i resepsjonen. Dei ønskjer at gåvene ikkje vert pakka inn – for å kvalitetssikre kva dei gir vidare må det eventuelt pakkast opp.

 

Korleis gje pengar

Vipps nummer: 586772

Gåvekonto i Tysnes Sparebank: 3525 07 02750
Merk beløpet med «julegåve».