Viktig informasjon frå kommunen
29/1/2016 09:38
Beredskapsgruppa i Tysnes kommune set no i møte, og dei vil prøva å leggja ut fortløpande informasjon.
kl 10.30 informerer dei om følgjande:
Barnehagar
Barnehage i Tysnes oppmoda foreldre til å henta borna så tidleg som mogleg pga. ekstremværvarslingane. Foreldre blir kontakta av barnehagane. Det vil sjølvsagt vera personale på jobb som tek hand om dei borna som ikkje har høve til å henga tidlegare.
Skulane
Skyss arbeider no med å få bussar på plass slik at dei kan bli kjørt heim tidlegar. Foreldra til elevar i barne- og mellomtrinnet blir kontakt med telefon frå skulen. Elevane i ungdomsskulen vert kontakta pr. sms.
Kommunikasjon
Det er opplyst frå ferga mellom Halhjem og Våge at siste turen deira vert mest sannsynleg kr. 12.50 frå Halhjem. Vidare vert ferja innstilt resten av dagen.