Veronica Maggio ”JAG KOMMER” -Til Tysnesfest
23/2/2012 09:10
Den svenske ”pop/soultjeien” slo gjennom for alvor med singelen ”Måndagsbarn” i 2008.
Ho er no aktuell med albumet med den geniale tittelen ”Satan i gatan”, som blir fronta av hiten ”Jag kommer” som me har høyrt titt og ofte på radioen her til lands. Albumet er produsert av Christian Walz og gjekk rett inn på fyrsteplass på hitlistene i Sverige, og har lege som topp 5 på VG-lista i hele 16 veker.
Soulinspirasjonen frå det førre albumet ”Och Vinnaren Är…” er framleis til stades, samstundes som ”Satan I Gatan” fyrst og fremst er eit popalbum av solid, svensk kaliber – som ein moderne arvtakar til popheltane Mauro Scocco og Orup, men også med betydeleg appell til dei som aldri har høyrt om nemnte veteranar.
«Maggios nye skive er et mesterverk. Hun er mer personlig, synger bedre enn noen gang, og det fins ikke et dårlig eller unødig spor,” skreiv Dagens Nyheter i si melding etter lanseringa, og gav Maggio fem stjerner av fem moglege.
Og Maggio er ikkje bare stor på plate. Under årets svenske Grammis i februar, hadde Veronica Maggio heile sju nomineringar og vann tre Grammis – prisar: årets pop, årets komponist og årets tekstforfattar.
Gled deg til sommaren på Tysnesfest!