Publisert av:
3/7/2011 18:36
Vellukka cuphelg
At det kom regn natt til i dag og gjorde grasbanen på Reiso dårlegare, satte ikkje stoppar for stemninga under siste dag av Tysnes Sparebank Cup.
Det var veldig mykje skryt blant deltakarar, og særleg frå dei som kjem utanfor øya, over dette cuparrangementet som hadde sitt femtande strake år. Njardar/Tysnes har hatt mange ildsjeler på dugnad i helga for at det heile skal bli gjennomført på ein velfungerande måte.
Desse laga vant sine klassar i Tysnes Sparebank Cup 2011
Klasse 1 : FC Gizmo
Klasse 2 : TG16
Klasse 3 : Per’s Disipler
Klasse 4 : Smurfene
Klasse 5 : FC Hofte
Fair Play prisen vart tildelt Rosenknopp.
Alle resultat finn du på njardar.no.