Vazelina Bilopphøggers
18/2/2017 11:00
Lanseringsvideo og pressemelding frå Tysnesfest:
[youtube]QXE0bXbt1LQ[/youtube]
For fyrste gong på meir enn 30 år skal Vazelina Bilopphøggers på turnè ein heil sommar.
Vazelina har “alltid” spela sommarshow/teater, men i år skal dei prøva noko nytt! Saman har dei laga ei rekkje suksessalbum med sin særeigne blanding av Toten-dialekt, Gamle rockemelodiar, varm humor og eit enormt ynskje om å underhalda.
I det siste har dei gjort med album, show, teikneseriar, TV-serie og mykje meir. I over ti år har Kjetil Foseid stått ved mikrofonen og blese friskt liv i nye og gamle låtar. Etter fokus på meir revyaktige opptredener, blir dette deira fyrste skikkelige konsert på Vestlandet på mange år.
Dei seier sjølve “Vi e 7 mann på scena som speller med begge henda”, og me kan lova godstemning og allsangfaktor når dei dreg til med låtar som “Traktor med henger”, “Surfbrett” og “Fem fyrer Med Ved”.
Eldar Vågan har denne vinteren òg vore aktuell med Tv2 programmet “Hver gang vi møtes”, og i dag 18. februar er det “Eldar sin dag” i programmet. Følg med klokka 20.00!
Vazelina Bilopphøggers skal på scena laurdag 15. juli 2017
Til no er fylgjande artistar lansert til årets festival:
Alan Walker, Highasakite, Amy Macdonald (UK), Sivert Høyem, Astrid S, Staysman&Lazz + Katastrofe,
deLillos, Kim Larsen, Storm Weather Shanty Choir, Janove, Cezinando, Vamp, Vazelina Bilopphøggers,
Sigvart Dagsland og Karoline Krüger, Sophie Elise-Vegard Harm og Joakim Kleve, Gunslingers,
Ausekarane, Familieforetaket og De Musikalske Dvergene
