Publisert av:
4/8/2009 19:59
Vanskeleg bustadjakt
BA skriv om at det ikkje er enkelt å vera på bustadjakt i Bergen om dagen. Det er for få hyblar og leiligheiter (3193 stk) i forhold til dei som ynskjer å leiga (24.300 studentar). Dermed vert utleigeprisane pressa oppover.
Blant dei som søkjer etter ein stad og bu er tysnesingen Christian Frugård og sambuaren Vilde Birkeland frå Os. Dei har brukt heile sommaren på å leita etter leiligheit.
– To timar etter at leiligheiter er lagt ut på finn.no er dei leigt ut. Folk tar usett, dei er heilt desperate, seier Frugård til BA, som flyttar til by’n fordi han skal gå på lærarhøgskulen.