Vannscooter gikk ned

Publisert av:
27/5/2016 16:26

Politiet melder på Twitter om at ein vannscooter var gått ned i Våge i ettermiddag. To personar havna i sjøen, begge iført redningsvest.

Operasjonsleiar lars Geitle ved Politiet i Hordaland fortel at det var to ungdommar som havna i sjøen.  Det er ikkje meldt om skade. Foreldra til ungdommane som befann seg i nærleiken, fekk dei opp i ein båt like etter ulykka.