Vaksinasjon mot sesonginfluensa og lunge-betennelse hausten 2016
27/9/2016 11:25
Torsdag 6. oktober 09:00 – 15:00
Fredag 7. oktober 09:00 – 15:00
Inga timebestilling, berre møt på helsestasjonen.
Me oppmodar om at alle som har høve til det, nyttar seg av desse dagane.
Pris: Influensavaksine: 150.-
Pneumokokkvaksine (lungebet.): 400.-
Betaling: betalingsautomat på venterom på legekontoret.
Det vil ikkje bli gjeve rekvisisjon til drosje.
Vel møtt til TYSNES HELSESTASJON
Risikogrupper: Fylgjande personar har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom, og blir spesielt tilrådd å influensavaksinera seg :
• Gravide etter 12. svangerskpasveke (2.og 3.trimester). Gravide i 1.trimester med anna tilleggsrisiko kan bli vurdert for vaksinasjon.
• Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
• Alle frå og med fylte 65 år
• Born og vaksne med:
– Diabetes meillitus, type 1 og 2
– Kronisk luftvegssjukdom
– Kronisk hjarte-/karsjukdom
– Kronisk leversvikt
– Kronisk nyresvikt
– Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
– Nedsett immunforsvar
– Særs alvorleg fedme (BMI over 40)
– Anna alvorleg eller kronisk sjukdom
I tillegg blir fylgjande grupper råda til å vaksinera seg, med det hovudføremål å beskytta andre:
– Helsepersonell som har pasientkontakt
– Husstandskontaktar til immunsupprimerte personar
– Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande gris.