Publisert av:
27/10/2011 06:53
Utvidar opningstidene
Frå måndag 31.oktober vil du kunna ta handelen på Spar-butikken enno seinare på kvelden.
Kjersti Brekke hos Spar opplyser at dei frå neste veke av vil ha opningstider måndag til fredag klokka 08.00 – 22.00. Laurdag vert opningstida klokka 08.00 – 20.00.
– Grunnen er endra handlemønster hos kundane, og me ynskjer å møta dei med utvida opningstider, seier Brekke til Tysnesingen.