Uttale frå Samarbeidsrådet

Publisert av:
15/5/2017 15:40

Avgrensa høyring.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har samrøystes vedteke følgjande uttale til den avgrensa
høyringa av Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger:

Samarbeidsrådet viser til kommunane sine einskilde uttaler, der det kan slås fast at ikkje alle
kommunar ser seg tent med planen. I seg sjølv bør det gje grunnlag for ei grundig sluttvurdering av
om planen har oppfylt føremåla som opphavleg låg til grunn.

Planen er heimla i kap. 8 i PBL og legg opp til at den ikkje er juridisk bindande. Planen skal likevel
leggjast til grunn i kommunane si planlegging og også nyttast av statlege mynde i vurdering av
spørsmål om motsegn. Planen vil såleis vera bindande for vidare planlegging og har såleis i alle fall
ei indirekte rettskraft. Det er særleg arealplankartet, og kor sterkt bindande dette er, som har gjort
fleire kommunar i regionen urolege. Ut i frå plankartet er det frå ulike kommunar uttrykt uro for at
verneområda er for store og omfattande, og at dette vil kunna hindra utvikling både på land og sjø
for næringsliv og innbyggjarar. I samband med handsaming av planen bør det gjerast ei nærare
vurdering av samfunnseffektar innanfor arealsone landskap, det bør særskilt gjerast vurdering på
dei avgrensingar bruk av arealsone landskap gjev for framtidig planlegging på kommunane sin
landareal. Det bør også gjerast ei vurdering på vidare presisering av arealsone landskap inn i dei
ulike undergruppene som føl teiknereglane for regionale planar, ved å presisera dette gjer det
betre rom for vurdering av avbøtande tiltak med vidare.

Akvakultur

Havbruksnæringa er eit nasjonalt satsingsområde, og det er eit mål for styresmaktene si side at det
skal leggjast til rette for best mogleg vekst i næringa innanfor ei ramme av økonomisk, sosial og
miljømessig berekraft. Dette inneber også at ein i forvaltninga må ta omsyn til både oppdrett og
villaks.

Det er kjent at det er venta større endringar som kan påverka bruk av areal i sjø:

– Styresmaktene har vedteke å innføra ny sonestruktur for mogleg vekst som vil ha
innverknad på heile næringa i planområdet,

– Marin verneplan hadde høyringsfrist 2. mai, og utstrekninga og marine verneområder er
uklart

– Mattilsynet sine avstandskrav er under utgreiing

– Kunnskapsdepartementet har under utarbeiding ein vegleiar for planarbeid i sjø.

Det er uheldig å utarbeida ein kystsoneplan som ikkje er basert på erfaringar frå den nye
soneinndelinga, og også avstandskrava frå Mattilsynet kan føra til endringar ein no ikkje ser.
Planen legg fast dei areala som i dag er avsett til akvakultur, men tek ikkje omsyn til at det er
kommunar som enno ikkje har avsett nye areal, men kan ha eit potensiale for dette. Ei fastlåsing av
areal på dette nivået gjer at desse kommunane ikkje får utnytta sitt areal for akvakultur. Når det i
tillegg vert opprett arealsoner som tek bort areal, vert det svært vanskeleg å oppretthalda
aktiviteten og utvikla nye områder, også for eksisterande artar og teknologi.
Dersom ein eksisterande lokalitet vert liggjande i ei arealsone, må ikkje dette vera til hinder for at
lokaliteten kan utviklast eller flyttast innanfor arealsona.

Strandsone

Då KURE hadde Interkommunal strandsoneplan til høyring 1. oktober 2015 gjorde dei følgjande
vedtak:

1. Framlegg til Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland er eit omfattande og viktig
arbeid som vil vera eit godt reiskap for kommunal planlegging.

2. Hordaland fylkeskommune rår til at strandsoneplanen vert vedteken slik han ligg føre.

3. Framlegg til Regional kystsoneplan er ikkje i samsvar med Interkommunal
strandsoneplan. I prosessen vidare bør dei to planarbeida sameinast slik at strandsoneplanen
vert styrande vert styrande for kystsoneplanen i kapitlet som omhandlar strandsona. Dersom
det ikkje er mogleg, må kapitlet om strandsona takast ut av kystsoneplanen.

4. Varig verna kulturminne er del av dei enkelte kommunane sine kulturminneplanar.
Strandsoneplanen må som alle kommunale planar, ta omsyn til varig verna kulturminne og
fastsette vernesonar.

Etter høyringsrunden er det blitt meir samsvar mellom planane, men det er likevel store sprik på
heilt sentrale spørsmål. Det må difor stillast spørsmål om ikkje dette er grunn nok til å utsetja
planen.

Planen gjeld bruk og forvaltning av areal i Sunnhordland. Difor bør Sunnhordland verta høyrt i sin
argumentasjon for at Kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger ikkje vert godkjent før
følgjande avklaringar er gjort:

– Konsekvenser for ny sonestruktur og marin verneplan mm.

– Føresegner for Interkommunal strandsoneplan er godkjent.

– Planen sikra at Sunnhordland kan ta del i forventa vekst i havbruksnæringa.

– Det må gjerast ei nærare konsekvensvurdering av samfunnseffektar som følgjer bruk av
arealsone landskap.