Publisert av: Martha Nygård Lande
7/4/2020 10:02
Utset piggdekk-fristen
Statens Vegvesen utset fristen til 1. mai for å ta av piggdekka.
Opprinneleg skal piggdekka av innan fyrste mandag etter 2. påskedag i sør-Norge, og innan 1. mai i nord-Norge
På grunn av COVID-19 og dei utfordringane det fører med seg, har vegvesenet vedtatt å gje unntak frå dei ordinære piggdekk-fristane. No er altså fristen for å skifte ut piggdekka satt til ut april månad.
Det vert likevel oppfordra til at dei som har mogelegheit til å skifte, gjer det så raskt som mogeleg. Kombinasjonen av piggdekk, tørre vegar, varmt vær og god kjørefart, gjev mykje svevestøv, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens Vegvesen på nettsida.
Informasjon henta frå Statens Vegvesen si nettside.