Utføring av feiing 2013.

Publisert av:
19/8/2013 15:43

Avtalen gjeld feiing av dei skorsteinar som skal ha feiing i 2013 og ikkje har fått dette utført til no. 

Oppstart vert i veke 35 , frå mandag 26.08.13 . Feiinga tek til i Uggdals området og fortsett mot Våge – Lunde – Onarheim – Hodnanes og Uggdalsdalen. Huseigar vert varsla på vanleg måte med varsel i postkassen eller på døra nokre dagar på førehand. Ver vennlig å følg rettleiinga på varsellappen.  Gjer merksam på at det er huseigar sitt ansvar å legge til rette for feiing. Dersom det er feiing frå tak skal det vere tilgjengelig stige opp til tak, og på tak skal det vera tilfredsstillende adkomst for feiing. Feiing skal kunne utføras frå sikker stad. 

Ber og om at huseigar gjer tilbakemelding til feiar for motteke varsel om feiing. Eventuelle spørsmål kan rettas til underteikna på tlf. 975 29 965 eller 53 43 71 13. Epost Torfinn.kongsvik@tysnes.kommune.no 

Torfinn Kongsvik