Publisert av:
5/1/2009 21:40
Uhell laurdag
Lensmannen i Tysnes kan fortelja at laurdag morgon fekk ein sjark problem under overfarten frå Os til Tysnes. Sjarken tok inn vatn, og eigaren sette han på land nord på Reksteren for å unngå å søkja. Eigaren melde sjølv frå til politiet og tok seg av båten.
Laurdag ved om lag 1400 tida var ein bilførar uheldig og fekk sleng på bilen på Hollekim, slik at han køyrde av vegen og rulla rundt.
– Det vart ingen personskade, men til dels store skadar på bilen, opplyser Lorentz Lunde til Tysnesingen.
Han kan for øvrig beretta at nyårshelga var roleg på Tysnes, som alle andre plassar i distriktet.