Publisert av:
9/2/2012 18:26
Uendra tilstand
Det var tre personer i ulukka då den øvre delen av ei kran på verftet Kværner Verdal knakk, slik at korga arbeidarane var i fall om lag 35 meter og traff lekterane under.
Tilstanden til kvinna endra seg frå meget alvorleg til alvorleg torsdag morgon, meldte NRK Trøndelag. Ho ligg på St. Olavs Hospital i Trondheim.
Torsdag kveld melder Trønder-Avisa at tilstanden er uendra. Det gjeld også for dei to andre personane som var i ulukka. Men tilstanden var framleis alvorleg for alle tre.
Ingen av dei tre er tilsette i Kværner Verdal, men er innleigd frå andre selskap.
Dei tre i korga skulle ta bilete av og kontrollere malingsarbeid då ulukka inntraff. Arbeidstilsynet vart umiddelbart kobla inn i saka.