Uavgjort for J14

Publisert av:
11/1/2009 09:22

Tysnes – Lindås J14 10/1-09

Tysnes fekk ein god start på kampen og leda 6-2 etter halvspelt 1.omg.Men så begynte ting å svikta…,og Lindås gjekk opp i 6-6! Dei gjekk t.o.m opp i 6-8 før Tysnes vakna igjen. Då vart det eit par krafttak dei siste minutta, sånn at Lindås leda kun 8-9 til pause.

Tysnes fekk også i 2.omg ein fin start. Dei fekk bl.a ett par straffar som Julianne sette sikkert i mål, og dei kom ajuor med Lindås. 7min før slutt leda dei med 2 mål, og ein begynte å tru at dette kunne gå deiras veg!

Lindås tar time-out – går på banen igjen og puttar 2 kjappe før Tysnesjentene før summa seg. Panikken brer seg, og horrible avslutningar kjem på rekke og rad. Skal dei gå på nok eit tap? Ny time-out! 5min igjen, og stillingen er 14-14.

Her må dei behalda roen og ikkje bli stressa! Ein kan trygt sei det vart mykje nerver utpå banen dei siste 5 min – på begge lag! Kampen vippa – dei leda – Lindås leda – uavgjort……spenningen var
til å ta på!!! Trur det siste minuttet av kampen er det tøffaste minuttet desse jentene har spelt i heile sitt liv!!! Stillinga var 17-17 og Lindås har ballen og ein måtte for alt i verden ikkje sleppa dei gjennom.

Hadde dei tapt denne kampen etter ein sånn forsvarskamp, så hadde det vore “blodig” urettferdig, men dei klarte det heldigvis. Sluttresultatet vart 17-17, etter kjempebra jobbing på slutten!

Laget: Sol Hollekim, Julianne W. Kobbeltvedt, Lena Meland, Evelyn Frugård, Lovise Dalland, Gunhild Bondhus, Maria Wathne, Heid K.Hjelland og Renathe H.Lunde