Publisert av:
7/9/2009 19:21
Tysnestrøya er ferdig
Ei jakke kjem frå Håheim frå ca 1899. Ein gamal raud sokk var brudesokken til Ola Johanneson Alsaker Skjellevik, som han brukte i bryllaupet i 1868.
Det er strikka fem jakker i ulik storleik og farge. På Hordamuseet har ein fått vita at mønsteret er svært gamalt og det var fiskekonene som strikka trøyer til husbøndene sine.
Det er laga eit hefte med historia bak Tysnestrøya. Her er det drege fram forfedrane sine skattar, så dei igjen kan presenterast for nye generasjonar.
Tysnestrøya blir utførleg presentert på Sundagsakademiet 27.september.