Tysnesmessa torsdag

Publisert av:
8/2/2012 20:19

Det er om lag 20 utstillarar til årets yrkes- og utdanningsmesse. Av desse er det tre skular som er på plass i Tysneshallen for å presentera seg sjølv.

Som vanleg vert det to bolkar: Klokka 11 til 14 er det primært ope for skuleelevar, medan frå klokka 17 – 1930 er messa open for alle interesserte.

I pausen midt på dagen vil det bli eit reiselivsseminar. Her vil mellom anna reiselivssjef i Bergen, Ola Warberg, vera med, samt Linn Therese Vinje som er reiselivsansvarleg i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.