Tysnesingane går for kreftsaka

Publisert av: May Britt Meland
21/3/2025 10:16

Denne veka er det folkevandring til Blåbærhaugen. For kvar tur sponsar Alsaker Fjordbruk innsamlingsaksjonen til Kreftforeninga med 100,- kroner.

-Og Torsdagsturen er sjølvsagt med!

Kombinasjonen god trim i lag med gode turvenar og samtidig klingande mynt i kassa for ein viktig sak, er heilt uslåeleg, seier Bente Raknes, leiar i Tysnes Frivilligsentral.

På Blåbærhaugen si Facebook side kan ein lese at det i går torsdag 20. mars vart registrert 428 turar.

Til no er ein då oppe i 1538 så langt (mot 1672 i fjor).

Det er meldt bra vær framover, så det er bare å snøre skona og ta turen til Blåbærhaugen!!