Tysnesfest 2016

Publisert av:
11/12/2015 08:00

Me må innrømma at noko av det kjekkaste me gjer i løpet av haust, vinter og vår er å sleppa artistar!
No fekk me så god respons på lanseringa me hadde igår, at me er heilt yre og klarar nesten ikkje å venta med å fortelja kven andre som kjem! Faktisk så er me sopass ivrige at me kjører på med enda ein artist!

Lars Winnerbäck (SE)

Lars Winnerbäck er utan tvil ein bauta i den svenske musikkverdenen. Me er svært stolte og takknemmelige for at han har takka ja til å opptre for oss! Han vert ofte omtala som Sveriges Springsteen, og har sidan byrjinga på 2000 talet levert mange musikalske godbitar. Lasse som han vert kalla har blitt teken godt imot av det norske publikummet, og han har fått seg ein stor og trufast fanskare med sin svenskspråklige viserock. Ein skal leita lenge etter artistar som klarar å synga seg så langt inn i sjela som det Lars Winnerbäck klarar.