Tysnes Sparebank med solid årsresultat for 2017
28/2/2018 21:59
Styret i Tysnes Sparebank godkjente i møtet 21. februar 2018 årsrekneskapet for 2017 i styremøtet i dag. Resultat før skatt er 22,9 millionar kroner, ei betring på 5,9 millionar kroner samanlikna med 2016.
Resultat etter skatt betyr ei årleg eigenkapitalavkastning på om lag 7,8 prosent. For eigarar av banken sine eigenkapitalbevis er dette ei særs god avkastning med låg risiko. Forstandarskapet vedtar utbytte til eigenkapitalbeviseigarane i møtet 21. mars 2018.
Styret godkjenner årsrekneskapet med positiv tilråding til forstandarskapet som i sitt møte den 21. mars 2018 godkjenner årsrekneskapet for 2017.
Banken sin forretningskapital aukar til 2,95 milliardar kroner.
Tysnes Sparebank har ein samla forretningskapital på om lag 2,95 milliardar kroner. Dette er ein solid auke. Kredittveksten er på ca. 20 % for året, medan innskota har auka med 16 %. Auken i utlån er i hovudsak til privatkundar i regionen. Den største auken i nye kundar har banken i aldersgruppa 25 til 45 år.
Stor vekst i Sunnhordland.
Banken aukar marknadsandelen sin i Sunnhordlands-kommunane. Dei nye kontora på Stord og Husnes har stor pågang av nye kundar.
” Vi er svært nøgde med at Tysnes Sparebank er så godt teke i mot der vi har etablert nye kontor” seier banksjef Dag Sandstå.
Banken skal framleis veksa.
På seinhausten 2017 gjennomførte banken ein svært vellukka emisjon der det vart teikna nye eigenkapitalbevis for 35 millionar kroner. Organisasjonen og kontorstrukturen er no etablert og klar for å ta i mot nye kundar i åra som kjem.
” Vi har etablert ein god organisasjon, der unge nye medarbeidarar saman med godt erfarne bankmedarbeidarar er ein fantastisk gjeng å arbeide saman med” uttaler banksjef Dag Sandstå
Gjennomsnittalderen på dei 19 medarbeidarane i Tysnes Sparebank er 43 år. Grunnlaget for vekst dei neste åra er godt.