Tysnes skulekorps på seminar i Kinsarvik

Publisert av:
16/9/2013 09:21

Me budde i hytter frå fredag til søndag og hadde øvingar i teateret i Mikkelparken.

Der var det eit stort leikerom med sklier og klatreapparat som vart flittig nytta i pausane. I tillegg til fleire øvingsøkter har me bada i utebassenget ( som heldigvis var oppvarma!) og me hadde kjekke leikar og discotek på laurdagskvelden. Eg trur både born og vaksne hadde det like gøy:-)

Etter ei superkjekk og sosial helg er me klare for hausten!
Blant anna skal me delta på Sotrafestivalen i november.

Tekst/ foto: Betsy H. Nikolaisen