Tysnes-meteoritten i Rosendal
27/8/2010 17:56
“Tysnes-meteoritten”, las me på lappen – og gjorde vegen kort innom døra. Kva i all verda var dette for noko, hadde dei byrja gå oss i næringa?
– Jo, det stemmer det, kan dama bak disken bekrefta. – Me har ein kopi av Tysnes-meteoritten på utstilling i vindauget.
– Men kvifor her i Rosendal? Høyrer den ikkje heller heime på Tysnes?
– Kanskje det, men meteoritten er ein del av ei geologisk utstilling, fortel ho. – Me viser fram ei samling av underlege og spanande steinar frå heile landet. Og her høyrer Tysnes-meteoritten på sitt vis heime, som kanskje den største sensasjonen.
Nokre raske fakta: Tysnes-meteoritten er ein steinmeteoritt som fall ned over Midtvåge 20. mai 1884 – på Skarpebakkjen. Mange skal ha sett meteoritten koma som ei stor eldkule og skal ha høyrt ein eksplosjon. Det skal ha falle fleire steinar ned etter eksplosjonen, men av dei som fall ned over Midtvåge var det berre småstein, med unnatak av ein bit på over 20 kg. Denne steinen skal ha bora seg 30 cm gjennom jordlaget, til den trefte stein og spratt opp att og landa 13 meter lengre vekk. Ganske heftige saker, med andre ord. Tysnes-meteoritten er den nest største som er kjend i Noreg, og rangerer faktisk mellom dei største i verda.
Det høyrer med til soga (som eg ikkje får stadfesta i skrivande stund) at nedslaget av meteoritten skal ha skremd vitet av ei taus på garden.
Originalen finst på Mineralogisk-geologisk museum, Universitetet i Oslo. Så langt eg forstår har formannskapet i Tysnes løyvd midlar til avstøypinga av meteoritten i samarbeid med Folgefonna nasjonalparksenter, og det har vore vist til at det kan vera naturleg at steinen vert plassert i eit framtidig parkanlegg på Onarheim. Men kanskje me ser meteoritt-kopien her allereie til neste år, som ei eiga utstilling i turistinformasjonen, t.d.?