Turorientering 2017

Publisert av:
31/5/2017 11:12

Turorienteringa er eit samarbeid mellom alle idrettslaga på Tysnes og er såleis det einaste tilbodet der alle idrettslaga dreg lasset i lag.


​Opplegget for denne sesongen er nokså likt tidligare år, men med litt justeringar.

Prisen er som i fjor kr 70,- pr konvolutt. Konvoluttane kan kjøpast på dei fleste butikkane på Tysnes, og vert i sal frå førstkomande helg.


​Det er lagt ut 20 postar fordelt med  16 postar i Tysnesfjellet og 4 postar i fjellet på Reksteren. Vanskegraden med omsyn til avstand og terreng varierer, nokre postar ligg i våre nærområde og nokre krev lengre fjellturar.


​Me har i år freista å leggja postane slik at alle som deltek i Tysnes Breiband sin Sommartrim Tysnes også kan leita opp Turorienteringa sin utlagde postar på samme turen. Her kan ein altså få i “pose og sekk” på samme utflukten.


​Nytt for året er at me i Turorienteringa vil lokka med to gåvepremiar a kr 500,-  .
Gåvepremiane kjøper me frå Tysnes Treningsenter og Svingen Puls så dei heldige vinnarane kan få treningstilbod innandørs når det haustast. Så her blir det viktig å levera inn ferdig utfylte kontrollkort til underteikna  når turorienteringa er ferdig 15. oktober.

​Vil også nytta høvet å takka alle butikkane på Tysnes som , utan vederlag , hjelper oss med salet av turorient.matr. Utan deira innsats hadde dette blitt vanskeleg.
I tillegg vil eg også retta ei takk til medhjelparane mine: Marit N.A.Gjøvåg, Nils Eivind Hansen, Jon Skjolde og Ketil Skjolde  som brukar mykje tid og krefter til å leggja ut alle postane i fjellet på Tysnes og Reksteren.


​Så er det berre å ønskja god sommar med mange flotte turar med Turorientering og Sommartrim Tysnes.

​Tysnes Turorientering
​v/ Sigurd Bjordal