Stiftingsmøte Tysnes Turlag, 18. februar 2020, i Uggdal, Tysnes. Foto: André Marton Pedersen

Turlaget kallar inn til sitt fyrste årsmøte

Publisert av: May Britt Meland
4/2/2021 18:47

Det har vore eit aktivt år for det nystarta turlaget på Tysnes.  To Kom Deg Ut dagar har blitt arrangert, ambassadørkurs, tur til Hovlandsnuten, to sti- og mekingskurs, fellestur til Salgsborgjo og mykje meir. Ved utgangen av 2020 var det 138 medlemmer.

Ei rekkje turløyper har blitt GPS-registrert , ein har laga skiltplanar og rydda fleire stiar. Totalt er det utført 4321 dugnadstimar i 2020.

I tillegg har det blitt starta fire undergrupper: sti/merkingsgruppe, padlegruppe, turgruppe og Barnas Turlag. 

 

Onsdag 17. februar er det ordinært årsmøte kl 18:00 i Grendatun i Uggdal.

Det vert gjennomgang av vanlege årsmøtesaker.

Saksliste og årsmøtedokument blir å finne på heimesida: tysnes.dnt.no

 

Gjeldande smittevernreglar vert flygde, og laget vil ta imot påmeldingar på førehand til
Rebekka Høgestøl 95551807 eller på
epost tysnes.turlag@dnt.no