Tur til Preikestolen
18/2/2013 17:25
Avreise 19. juni med Tysnesbussen: Våge – Hodnanes – Jektevik – Ropeid – Sand – Hjelmeland – Preikestolshytta
Retur 20. juni: Heimveg. Ferje Tau- Stavanger, Ferje Mortavika – Arsvågen, E39 til Jektevik, ferje til Hodnanes, Våge
Buss tur/retur, fergebilletter, kaffi/te + noko «å bita i» på bussen, overnatting i dbrom på Preikestolen fjellstue, felles middag kl 19.00 ank dag, frukost og sjølvsmurd matpakke:
Pris ved 30 påmelde ca kr 1900,- pr.pers
For medl i Den norske turforrening vert det eit avslag på kr 200,- pr.pers.
Preikestolen
Høgdeforskjel på 350 m. 600 meter over Lysefjorden heng denne markante fjellformasjonen. I over 100 år har folk tatt turen dit, følt suget frå avgrunnen og nytt det fantastiske panoramaet over Lysefjorden og fjella omkring. Fotturen fra parkeringsplassen og ut til sjølve Preikestolplatået er ikkje stort lenger enn 3,5 km og tar ca 2 timer kvar vei. På den første delen av løypa er det ein flott sti, laget etter de beste norske tradisjonane. Turen har en høgdeforskjell på 350 meter og krev litt kondisjon og godt fottøy. Opplevelsene er verdt strevet, nesten uansett vær!
Endeleg påmelding innan 1. april til Tysnes Frivilligsentral:
post@tysnes.frivilligsentral.no
el telf 94052087
Sissel Karin Clausen