Trivelege stunder for merketakarar
9/2/2017 07:14
Friidrett er ikkje det heilt store på Tysnes for tida. Slik har det vore i mange år no. Det er nok fleire årsaker til at aktiviteten på dette området er så laber. Kanskje har det ein viss samanheng med at det ikkje finst banar og anlegg for friidrett? Dessutan trengst det eldsjeler og trenarar som har interesse for denne idretten. Dei har ikkje Tysnes nett no.
Det er mange år sidan Tysnes hadde ein friidrettsutøvar på toppnivå. Det var på 1970-talet då Reidar Aarskog var i noregstoppen i stavhopp med fleire medaljar i NM og deltakar på landslaget.
For tida er det Pernilla E. Epland som er Tysnes si store stjerne i friidrett. Ho er medlem i Stord IL og hevdar seg retteleg godt i ulike større konkurransar. I fjor sprang Pernilla m. a. inn til 2. plass (halvmaraton) i Bergen City Marathon, og ho debuterte i NM med eit godt resultat på 5000 meter.
I Tysnes IL er det framleis litt liv i friidretten. Den aktiviteten er det flokken av idrettsmerketakarar som står for. I fjor vart idrettsmerkeprøvane arrangert for 32. gong i Tysnes IL. Fire debutantar stilte opp, og alle saman greidde krava i dei ulike øvingane. Både veteranar og nye merketakarar synest det er triveleg å dela stunder saman med friidrett og elles oppleva at trimming gjev resultat. Det er tilfredsstillande og motiverande.
Desse greidde krava til idrettsmerket i Tysnes IL i 2016:
(Tala i parentes viser kor mange gonger den enkelte har teke idrettsmerket).
Camilla Christensen (1)
Ruth Johanne Dalland (1)
Anne Merete B. Dalland (31)
Hans Ole Dalland (31)
Henrik Sebastian Epland (1)
Lars Petter Epland (25, miniatyrstatuett)
Lars Enes (3)
Arvid Gaugstad (32)
Eva Kalgraf (30, idrettens hederspris)
Tor Ottersen (32)
Asle Bernt Rekve (49)
Morten Storetvedt (2)
Arvid Økland (30, idrettens hederspris)
Tonje Aakre (1)
Stein Aanesen (47)
Tekst/foto: H. O. D.

