Publisert av: Martha Nygård Lande
17/2/2019 11:06
Trine Rein på Mandelhuset
Laurdag kveld gjesta Trine Rein Tysnes og Mandelhuset. Dette er andre gang ho besøker øya vår. Sist gang var i 2016, og ho kan i år feira 25 årsjubileum som internasjonal artist.
Dei siste vekene har me sett og høyrt ho i den populære serien “Hver gang vi møtes” på TV2.
Det var fullt hus og utsolgte billettar på Mandelhuset denne kvelden.
Trine Rein framførte eit flott utvalg av songane sine, blant anna Just missed the Train, Torn, Get Ready og Stay With me baby. Innimellom songane kom ho med gode historiar og betraktninger frå både livet sitt, og frå livet som artist.