Tredje strake

Publisert av:
28/4/2009 20:55

Det vart ein jamn kamp på Ølve-grusen i kveld, men Njardar gutar 14 trakk det lengste strået.

Njardar leia 1-0 til pause etter scoring frå Christian Ottem. 2.omgong var berre to minutt gamal då Strand-Ulv utlikna, og dei gulkledde var litt på hæla.

Men laget la ned ein enorm innsats og tre kjappe mål frå Morris Skulstad, Glenn Hagen og Christian igjen gav Njardar ein solid 4-1 leiing.

I dei siste fem minuttane slapp gutane konsentrasjonen, og slapp ølvisane inn i kampen med å sleppa inn to baklengsmål. Men heroisk jobbing i sluttminutta gjorde at leiinga 4-3 holdt inn til siger då domaren bles av.

Desse var med: Lars Jakob Kleppe, Jon Enes, Markus Ebbesvik, Tore Hodneland, Morris Skulstad, Glenn Hagen, Daniell Hauge Hansen, Tord Øyjordsbakken, Christian Ottem.

I ein damekamp fredag vann Njardar 6-2 over Bremnes.