Publisert av:
7/12/2014 21:20
Trafikkulykke i Fusa
Ulykka vart meldt til naudetatane i 18.30 tida i kveld. Det var tre personar i bilen, derav to born. Ulykka skjedde i ei 60 sone, og Politiet advarer om at det er svært glatt på strekninga.
Politiet melde på twitter at ein person hadde smerter i magen. Helsepersonell på staden konsanterte at dei tre var lettare skadd.
Bilen vart taua vekk.