Totalforbod oppheva

Publisert av: May Britt Meland
7/6/2021 10:16

Brannsjef Torfinn Kongsvik melder i dag til Tysnesingen.no at sidan det no har kome litt regn, er beredskapen i regionen attende på eit normalt nivå.

På bakgunn av dette vert totalforbodet mot open eld i Tysnes kommune oppheva.
Brannsjefen understrekar at skogbrannfaren framleis er på gult nivå, og at det generelle bålforbodet gjeld.
Det er forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark frå 15. april til 15. september, jfr. Brann og eksplosjonsvernloven med forskrifter.”

Alle vert oppmoda til å være forsiktig med open eld!