Foto: Tysnes.skule.no

To ærfuglhus utplassert

Publisert av: Dagfinn Sandvik
25/2/2019 15:00

Det var blitt torsdag 21. februar, og elevane ved Blå skule har allereie plassert ut to ærfuglhus. Dei er satt ut på stader der det er mest tenkeleg at ærfuglen vil ruge. Inngangspartiet i husa er satt i retning mot sjøen, slik at det med kikkert kan observerast om det er fugl som bevegar seg inne.

 

 

Foto: Tysnes.skule.no

 

Litt fakta om Ærfulgen:

Ærfugl (Somateria mollissima) tilhøyrer gruppa av kystbundne dykkande sjøfuglar og er ei stor fiskand i andefamilien. I Nord-Noreg har den vore så vanleg at den ofte reknast som «husfugl», og arten er den største andearten i Noreg. Seks underartar blir normalt anerkjent.

I praktdrakt er hannen overveiande kvit på bryst og rygg. Hunnen har ein heilårig mørk- til gulbrunliknande kamuflerande fjærdrakt med tydelege svarte tverrband. Hals og hovude manglar tverrbandene og er dermed kun farga brunt. Nebbet er hos hannen grønnleg imens hos hunnen grønn til brunlig grønn. Augefargen hos begge kjønn er brun. Ungfuglen liknar hunnen i fjærdrakt. Ærfuglen hekker langs heile kysten i Noreg og kan dykke ned til 50-60 meters djup.

 

Foto: Wikipedia