Tid for molte

Publisert av:
5/8/2015 11:57

Å starta førebuinga til jul tidleg i august vert nok av mange sett på som litt voldsomt. Men for dei som har moltekrem som favoritt dessert, og må ha dette til dessert i jula, byrjar dei første førebuingane i desse tider! 

På Tysnesfjellet er molten noko seinare moden i år enn «normalen». Men no byrjar endeleg dei fyrste bæra å verta modne.

Molten på bileta er fotografert  måndag 3. august, på ein god moltestad i Tysnesfjellet. 

Molten veks og likar seg i næringsfattig myrjord. Ein kan og finna den i skog som ikkje er alt for tettvokst. Moltebæra er gode å ete som dei er og er rike på C – vitamin. Dei fleste bæra som vert hausta i Norge endar opp som syltetøy. Har ein få bær, bør desse prioriterast til ein nydeleg moltekrem!